Me driv òg utleige av småviltjakt, skogsfugl, rype, hare og rådyr. Du kan leige jaktkort for 1 eller fleire dagar. Maks 4 gevær i døgnet. Dersom det er firma eller liknande grupper som vil kombinere nytte med fornøyelse, ser vi bort frå denne regelen.

Fiske og lån av fiskegarn, kano og båt, er fritt for våre gjester i Kviptetjønna.

På vinterstid er det flotte skiløyper i nærområdet, preparert av Birtedalen Sti og Løypelag.

Vi kan òg hjelpe til med å skreddarsy eit opplegg dersom det er behov for det.

På Kvipt kan du oppleve tradisjon og kultur, gamal bu- og byggeskikk.
Her går dyra og beiter på verna kulturmark, med ein særeigen fauna.

Som vår gjest får du ei levande og personleg oppleving.

Så dersom du er interessert i å oppleve noko spesielt saman med familie, vener, lag eller firma, ta kontakt med oss for ein uformell prat.

Aktivitetar

Aktivitetar

Aktivitetar

Kvipt Gjestegard - Birtedalen - 3870 Fyresdal
Tlf: 907 32 456 - E-post: olavkvipt@gmail.com