Kvipt er ein gamal fjellgard med bygningar tilbake til tidleg på 1600 talet. Ein møtestad for bygdefolk og ferdafolk, med tradisjon og kultur heilt attende til middelalderen.

Kvipt Gjestegard ligg i fjellbygda Birtedalen, på grensa mellom Fyresdal og Setesdal 600 m.o.h. Garden ligg omkransa av vakker og særeigen natur, eit eldorado for turar med høve til jakt og fiske på store område.

Gardstunet består av fleire nyrestaurerte hus samt bygningar i 1600 tals byggeskikk.

Kvipt Gjestegard høver godt for: grupper, turgåarar, sportsfiskarar, jegarar (småvilt), kunst-, kultur- og historieinteresserte, selskap, bryllaup, bursdagar, kurs og seminar

Reguleringsplan for nye hyttetomter på Kvipt.

Tomtene er sjølveigartomter. Planområdet ligg mellom Kviptetjønn og Midttjønn.

Arealområdet er småkupert og hellar mot Midttjønn, blandingsskog, store fine furutre med bjørk under, botnevegetasjon er lyng, mose og gras. Planområdet er på 77 daa, med 4 tomter, samleveg inn i området og brøyta på vintestid. Parkeringsareal på tomtene.

Det kan leggast til rette med borebrønnar og det kan og søkast om felles annleg for vatn og avlaup i framtida. Feltet er eit lågstaandard som tek omsyn til omgivnaden. Avstand til vatn ca 50 m.

Tak kontakt for meir innformasjon.

Kvipt Gjestegard - Birtedalen - 3870 Fyresdal
Tlf: 350 41 818 - Mob: 90 20 77 25 - E-post: aakvipt@online.no